Skisse · Geopix for Høve Støtt · august 2026
258 punkt er lesne rett ut av veggkartet på kontoret, og Pål har sett farge på kvart einaste eitt. Det er mest alvor rundt om i landet. No står det att å fylle inn stadene som ikkje kom med frå bileta.
Pål gjekk gjennom heile kartet 27. august. 223 alvor, 20 leik, 15 hug. «Det er jo mest alvor rundt om i landet.»
Bileta av veggkartet var uskarpe nokre stader, så mange nåler kom ikkje med. Opne redigering, trykk «Legg til punkt» og klikk der nåla skal stå.
Når Pål avsluttar eit oppdrag, kan publikum eller kunde skanne ein kode på skjermen og laste opp bileta dei tok under kurset, opplevinga, leiken. Posisjonen blir rekna ut automatisk, og Pål godkjenner innlegget til sosiale medium med tommelen.
Punkta er lesne maskinelt frå 35 foto av veggkartet, og 155 kommunar hadde eit namn som lét seg lese. Pål har vore i alle 357 — resten må inn manuelt. Ringen rundt eit punkt tyder at nåla på veggen var grøn, altså at han kom dit med fly.